|

|
Sommar i Etne!
Sommaren er her, og på Etne Senter er me godt budde på travel handel og stor trafikk de neste vekene. Sjøl om alle årstider har sin eigen sjarm, er det mange som synes det er noko eige med sommaren. Når sola skin, og gradestokken legger seg rundt 20 behaglige celsiusgrader, då er livet godt for de fleste av oss. Sommaren i manges augo er glade ungar med iskrem og raude jordbær, bading med salt i håret og sand mellom tærne, eller kanskje å flata ut på solsenga med ei god bok.
Kort sagt, sommaren er den årstida då me er mest ute i frisk luft og fin natur. Aktivitetar under open himmel, lukta pølser og anna snadder som godgjær seg på grillen og stimulerar både luktesans og smaksløkar, det er slik me vil ha det.
Her på senteret har me det meste av det som må til om kundane våre skal få den sommaren dei fortener etter ein lang og snørik vinter. Om de gamle hagemøblane bar preg av å ha sett betre dagar då du tok de ut i vårsola i mai, finn du dei nye møblane her på Etne Senter. Eller om kjolen som satt så fint i fjor har krympa litt etter eit halvår i skapet, så har me den nye sommargarderoben du treng. Solbriller med styrke til å beskytta augene, og kremar med rett solfaktor til å verna resten av deg finn du og om sola skulle bli for sterk.
Det breie spennet av butikkar og det store utvalet av varer gjær at mange tek turen til oss når de skal kjøpa det dei treng. Handelen har utvikla seg godt her i Etne etter at senteret vart opna for snart fire år sidan. Sjølvsagt er det dei lokale kundane som er dei viktigaste. Men fleire og fleire av dei som kjøyrer gjennom bygda på veg til eller frå fjellet stoggar i Etne. Eg føler meg viss på at denne trenden vil halda seg, slik at me også i år kjem til å setta ny rekord.
Velkommen til hyggeleg handel i Etne Senter.
Anne Fredriksen
Senterleiar
|