Velkomen til b.young på Etne Senter.
Me opna med brask og bram 30 oktober 2006 i lag med heile senteret.
Her på b.young vil me hjelpa deg med å finna klær til alle høve, enten du skal på hytta eller i festleg lag.
Me er også opptatt av å være ein butikk der alle frå 12 til 100 år skal kunne finne noko fint til seg. Derfor har me eit variert utval av klær i størrelsar frå xs til xxl.
Er du mann og ikkje veit kva du skal kjøpe til kona eller dama, kom innom så skal du få råd av oss.
Me lagar også til venninnekveldar, der du og dine venninner kan komme på kveldstid etter kl 19 00 og handle . Dette passar godt som ein klubbkveld der ein får enkel servering av mat og drikke. (min 4 personar)
Her er eit utval av merkene me har:
b.young, ICHI, Floyd, Funaki jeans, Marc Lauge, Oroblu,Funky Girls, Sorbet og Culture m.m.
Vårt mål er fornøyde kunder.
Velkomen innom.